Film- og video
Flaks, kontroll og nærhet
12/17/2024
Stikkord:
Du er aktuell med filminstallasjonen Nærme, som i disse dager vises på Kunstnernes Hus. Kan du fortelle litt om denne filmen?
Nærme er ein film som handlar om flaks, kontroll og nærhet. Eg har blant anna filma vegar som har blitt øydelagt av ras og store steinar, tunnelarbeidarar som forbereder sprenging inni fjell og lottokuler som spretter rundt i ei maskin. Ein får høyre mine tankar om flaks og tilfeldigheit og sjå intervju med tre fine personar. Ein møter Unni Løseth som nesten opplever å bli tatt av ras, Fred Sheng-Li Huang Støyva, ein tunnelentusiast som drøymer om tunnelar som portalar og Pie-Christine Skagsoset Norseng som kanskje har Noreg sin mest takksame jobb, som ringer og gir nyheita til dei som har vunne i lotto.
Musikken er viktig for stemninga i filmen. Fred, som eg også intervjua, har laga originalmusikk til filmen. I tillegg har eg fått låne to flotte sangar, ein av kunstnar Jo Mikkel Sjaastad Huse og ein av operasangar og komponist Eira Sjaastad Huse.
I filmen sammenflettes et møte med en person som med en hårsbredd har unngått steinras og døden, med lottotrekning hos Norsk Tipping på Hamar. Kan du fortelle om dette flettverket mellom risiko, håp, tilfeldigheter, flaks og uflaks som ligger som et bakteppe i filmen din?
I starten av prosessen til Nærme stilte eg meg spørsmål som: Korleis skyver ein unna frykt for å rase saman? Korleis heng flaks og magi saman? Kva slags sikkerheitsnett, både byggekonstruksjonar og mentale forsvarsmekanismar, lagar ein for å føle seg trygg? Korleis held ein oppe håp om at alt skal løyse seg? Eg veit ikkje om eg har blitt noko særleg klokare, men dette har eg i alle fall hatt i bakhovudet og har forsøkt å sette meg inn i.
I den forrige filmen eg laga, Berre ein stein, samla eg forteljingar frå folk som har vakse opp på plassar med mykje rasfare og om deira forhold til stein. På denne turen vart eg bevisst på kor mykje som dreier seg om flaks. Eg fekk høyre om mange nesten-ulykker. Om folk som hadde fått huset sitt knust av stein medan dei var på fotballkamp og fått “besøk” av steinblokker på soverommet heime medan dei hadde vore på hyttetur. Då byrja eg å tenkje på kva som er det motsatte av å ha skikkeleg uflaks – nemleg å vinne i lotto.
Som ein overgang frå ras til lotto er det ein del om tunnelar i filmen. Tunnelen er ein konstruksjon ein lagar for å få kontroll og beskytte seg mot ras, som også er ei reise gjennom ein snarveg. Fred snakkar om portalfantasiar, ein litterær sjanger som handlar om å reise inn i andre dimensjonar og moglegheiter, noko ein også ynskjer seg når ein leverer lottokupongar.
Det er noko som er veldig lite og veldig stort samtidig med flaks. I filmen snakkar eg til dømes om at eg ser på eit lykketreff som linjer som støter på kvarandre, slik som eit kryss. Eit kryss er noko av det enklaste ein kan teikne samtidig som det også kan vere symboltungt som eit religiøst kors. Små tilfeldigheitar skjer rundt alle heiletida, men i blant skjer det nokon tilfeldigheitar som er så store og banale at ein byrjar å bli i tvil om noko meir magisk ligg bak, uansett kor lite overtruisk ein eigentleg er.
Fokuset i filmen ligg ikkje nødvendigvis på kva som skjer når ein har flaks og uflaks, men meir på spenninga som ligg i å vere “nære på”. Den truande fjellsida og dei virvlande lottokulene symboliserer eit potensiale, alle moglegheitane som alltid ligg rundt oss til ei kvar tid, både gode og dårlege.
Steinras spiller en sentral rolle i filmen. Du kommer selv fra Sogndal, en del av landet hvor det senest for tre måneder siden gikk et ras som stengte en fylkesvei. Hvordan ble du selv påvirket av å bo i et område der farlige steinras er en overhengende trussel? Er dette en tematikk du ser for deg å fortsette å arbeide med som kunstner?
Då eg budde i Sogndal var det ikkje noko eg tenkte over i kvardagen. Ein kan rett og slett ikkje tenkje for mykje på det. Heldigvis er det veldig sjeldan at nokon blir skada av ras. Dei fleste eg har snakka med i prosessen har eit ganske avslappa forhold til det. Nokon sa at viss det rasar litt på vegen så kan ein berre gå ut av bilen og kaste steinane ut til sida. Samstundes må det jo ha gått inn på meg, sidan eg er så interessert i det og jobbar med det i kunsten min.
Det med å forholde seg til ras er noko eg tenkjer både er eit bilete på å handtere personleg angst, og på korleis ein som samfunn kan handtere kommande kriser. Denne tematikken kjem eg til å fortsette å jobbe med.
Du er relativt nyutdannet og gikk ut av masterstudiet på Kunstakademiet i Oslo for to år siden, men har allerede vært synlig med en rekke utstillinger. Neste år skal du stille ut på visningsrommet Kurant i Tromsø. Hva skal du vise der?
Utstillinga på Kurant har eg ikkje begynt å planlegge endå. Vi har heller ikkje fastsatt nøyaktig når utstillinga skal vere. For augeblikket jobbar eg med scenografi og kostyme til eit teaterstykke TBA. Det kjennest gøy å jobbe saman med andre etter ein lang prosess aleine på studio!
FILMINSTALLASJONEN NÆRME AV ELI MAI HUANG NESSE VISES PÅ KUNSTNERNES HUS TIL OG MED 12. JANUAR. FØLG ELI PÅ @ELIMAIHN.
Ønsker du å studere fotografi eller vil du studere videokunst og film? Les mer om Oslo Fotokunstskole og søk skoleplass for heltids- og deltidsstudium (kveld). Skolen tilbyr undervisning i de to linjene «fotografi» og «film- og videokunst». Skolen tilbyr også fotokurs. Oslo Fotokunstskole er en fotoskole i Oslo for deg som ønsker å utforske dine kreative evner i et engasjerende og dynamisk miljø. Skolen ble etablert i 1989 og holder til i velutstyrte lokaler ved Alexander Kiellands Plass. Les mer om hvordan du kan starte din fotoutdanning eller filmutdanning på oslofotokunstskole.no.